26. okt. 2014

Kva er liv? Mellom naturvitskap og humanvitskap

Ingunn Elstad som er sjukepleier og filosof vil i filosofisk samtale lørdag 1. november innleie om: ”Kva er liv? Mellom naturvitskap og humanvitskap”

Liv som tema har ofte falle mellom naturvitskap og humanvitskap. Det er viktig innafor økologi, medisin og sjukepleie, og utgjer i dag eit felles område både for teoretisk biologi og fenomenologisk filosofi med fleire empiriske felt. Elstad vil særskilt gå inn på årsaksbegrepa i biologien.

Elstad er professor på institutt for helse og omsorgsfag. Hennes forskningsinteresser innafor filosofi dreier seg om grunnlagsproblem og vitskaps- og kunnskapsteori. I tillegg kjem historie innafor feltet sjukdom og sjukeomsorg.

Sted: Skarven bar
Dato: lørdag 1. nov 2014
Klokkeslett: 11:15 - 13:00

Samtalen er gratis og alle er velkommen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar